h a l l o w e e n
Halloween er det engelske namnet på
allehelgensaftan natta før allehelgensdag. Halloween
har utvikla seg til ei høgtid der ein tek for seg døden
og skumle idear i form av utkleding og pynt.
Halloween blir som regel feira 31. oktober.
Til halloween knyter ein ofte skumle eller makabre
element, som hekser, attergangarar, skjelett,
flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet
er blitt jack-o'-lantern , eit graskar med utskore fjes
og eit levande lys inni. Det er vanleg å kle seg ut,
gjerne som noko skremmande, og halda selskap i
samband med halloween. Særleg i USA er det vanleg
for små ungar å gå husimellom og be om godteri, ein
skikk som også har spreidd seg til andre land. Ein
kan også brenna bål, dukka hovud etter eple, vitja
skremmande attraksjonar eller sjå skumle filmar.
| Utkledingsselskap er ein historisk tradisjon | |
|---|---|
| Tradisjonelt | skumle figurar som monster, vampyrar, skrømt, skjelett, hekser og djevlar |
| Moderne tid | Mindre mørke figurar som kjendisar, oppdikta figurar, piratar og prinsesser |
| I Norge | ´HalloVenn´ har blitt innført som eit meir koseleg eller positivt alternativ |
Ordet Halloween
Ordet «Halloween» eller «Hallowe'en» kan tilfestast skriftleg til rundt 1745. Ordet er avleitt frå det skotske uttrykket for All Hallows' Eve, dagen før allehelgensdag. På skotsk er ordet for eve (aftan) even, og samantrekt blir det e'en eller een.